OSTERØY KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Miljørettleiar og miljøarbeidar
Job description
Om stillinga
Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som ynskjer å vere med å utvikle eit godt og inkluderande skulemiljø. Her vil du arbeide saman med fleire miljøarbeidarar og lærarar for å skapa trygge og gode skuledagar.
Stillinga føl skuleruta, med fri på elevfrie dagar (unnateke planleggingsdagar).
80% fast stilling er tiltenkt miljørettleiar.
Det vert sett av tid til intervju i veke 31 og 32
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid: Skapa tryggleik i friminutta, forebygge utanforskap og drive miljøaktiviteter.
- Fagleg støtte: Støtta elevar som trenger ekstra tilrettelegging i klasserommet, i samarbeid med lærarane.
- Tverrfagleg samarbeid: Samarbeida tett med kontaktlærarar, helsesjukepleiar, rådgjevar og leiing.
- Alternative læringsarenaer: Følgje opp elevar i praktiske prosjekt eller mindre grupper.
Kvalifikasjonskrav
- Vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning for arbeid med elevar i skulen. •
Personlege eigenskapar: Du er tolmodig, varm og raus. Du er god til å byggje relasjonar med ungdom, kollegaer og føresette. Du er ein tydeleg vaksenperson, og flink til å samarbeida.List opp kvalifikasjonskrav og eventuelt ønskja personlege eigenskapar.
- Krav om gyldig politiattest før tilsetjing (ikkje eldre enn 3 månader).
Me tilbyr
- Eit dynamisk arbeidsmiljø, som gjev høve til å gjera ein forskjell for ungdommen vår. Tett teamsamarbeid.
- Stillinga føl skuleruta, med fri på elevfrie dagar (unnateke planleggingsdagar). Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY Spørsmål om stillinga
- Ta kontakt om du har spørsmål.
Om arbeidsgiveren
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Osterøy ungdomsskule er ein nyoppussa og moderne ungdomsskule som ligg på Hatland.
Skulen har om lag 250 elevar og 35 tilsette.
Elevane på ungdomstrinnet kjem frå alle bygdene i kommunen vår.
Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom, pc til alle elevane, samt 3D printer mm.
Det nyoppussa skulebygget har kultursal, Aulaen, med plass til 260 gjestar, og eit symjebasseng på 12,5 meter.
Skulen set kvart år opp ein musikal, som er ein del av valfag på 10. trinn. Ein har dei siste 32 åra hatt eit snitt på 1000 besøkande kvart år.


